1
Forord

Forord

Størst moglege verdiar for samfunnet

Sokkeldirektoratet skal bidra til størst moglege verdiar for samfunnet frå olje- og gassverksemda på norsk kontinentalsokkel gjennom ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning, der det blir teke omsyn til helse, miljø, tryggleik og til andre brukarar av havet.  

Gjennom meir enn 50 år på norsk sokkel har dette vore Oljedirektoratet sitt samfunnsoppdrag. Det er det framleis. At vi endra namn til Sokkeldirektoratet 1. januar 2024, handlar om at vi dei siste åra har fått fleire oppgåver mellom anna knytt til CO2-lagring og mineralar på havbotnen.   

I åra framover kan ressursane frå norsk sokkel framleis bidra til å dekkje etterspurnaden i verda etter energi. Norsk olje og gass kan sikre at Europa får trygg og stabil energiforsyning. Havbotnmineral og CO2-lagring kan bli nye og lønnsame næringar som kan skape store verdiar og bidra til energiomstillinga.  

Ressursane på norsk sokkel må forvaltast i eit langsiktig perspektiv. Denne rapporten viser kva moglegheiter vi har på norsk sokkel og kva som skal til for desse ressursane skal fortsette å skape verdiar for samfunnet. Men det er stor uvisse om den langsiktige verdiskapinga og vidare utviklinga av norsk sokkel. Dette gjeld for den geopolitiske situasjonen, klimapolitikken i EU og resten av verda, utviklinga i olje- og gassmarknaden og utviklinga i teknologi og kostnader. 

Uvissa tilseier at dei langsiktige vurderingane må stå seg i omgivnader som kan endre seg raskt.  

Vi ønskjer med denne rapporten å bidra til betre forståing av både utfordringar og moglegheiter på sokkelen slik at det blir teke gode vegval for framtidig verdiskaping. Det vil kome heile samfunnet til gode. 

Kjersti Dahle

Kjersti Dahle 
Direktør teknologi, analysar og sameksistens

I løpet av det siste året har to av våre medarbeidere, Dag Helliksen og Kirsti Veggeland, dessverre gått bort. Vi ønsker å hedre deres minne ved å dedisere denne rapporten til dem.