Boreløyve for brønn 36/1-4 S i utvinningsløyve 885
21.10.2021 Oljedirektoratet har gitt Wellesley Petroleum AS boreløyve for brønn 36/1-4 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Brønn 36/1-4 S skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 61°54'21,08"N og 4°2'55,87"Ø.
Boreprogrammet for brønn 36/1-4 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 885. Wellesley Petroleum AS er operatør med ein del på 80 prosent. Den andre rettshavaren er Petoro AS (20 prosent).
Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 35/3 og 36/1. Brønnen blir bora om lag 65 kilometer nord for Gjøafeltet.
Utvinningsløyve 885 vart delt ut 10.02.2017 (TFO2016). Dette er den andre leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 21.10.2021