Boreløyve for brønn 7335/3-1 i utvinningsløyve 859
24.04.2019 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 7335/3-1, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 7335/3-1 skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 73°59'49,86"N og 35°50'13,73"A.
Boreprogrammet for brønn 7335/3-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 859. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 30 prosent.
Dei andre rettshavarane er DNO Norge AS (20 prosent), Petoro (20 prosent), Lundin Norway AS (15 prosent) og ConocoPhillips Skandinavia AS (15 prosent).
Arealet i dette løyvet består av blokkene 7434/7, 8 og 9, 7435/9, 10, 11 og 12, 7335/1, 2 og 3, 7336/1 og 7436/10. Brønnen blir bora om lag 435 kilometer nord-nordaust for Vardø.
Utvinningsløyve 859 blei tildelt 10. juni 2016 (23. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den andre brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 11.02.2025