Boreløyve for brønn 25/7-8 S i utvinningsløyve 917
21.10.2019 Oljedirektoratet har gitt ConocoPhillips Skandinavia AS boreløyve for brønn 25/7-8 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 25/7-8 S skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 59°16'32,93"N og 2°17'14,84"A.
Boreprogrammet for brønn 25/7-8 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 917. ConocoPhillips Skandinavia AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Lundin Norway AS (20 prosent), Suncor Energy Norge AS (20 prosent) og Vår Energi AS (20 prosent).
Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 25/7 og 25/10. Brønnen blir bora om lag 15 kilometer vest for Ringhorne og 210 kilometer nordvest for Stavanger.
Utvinningsløyve 917 blei tildelt 2. mars 2018 i TFO 2017 på norsk sokkel.
Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet. Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 21.10.2019