Boreløyve for brønn 32/4-2 i utvinningsløyve 921
22.08.2019 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 32/4-2, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 32/4-2 skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 60°30'37,36"N og 4°9'18,03"A.
Boreprogrammet for brønn gjeld boring av undersøkingsbrønn 32/4-2 i utvinningsløyve 921. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (20 prosent), DNO Norge AS (15 prosent) og Lundin Norge AS (15 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 32/4 og del av blokk 32/7. Brønnen blir bora om lag 28 kilometer søraust for Troll-feltet.
Utvinningsløyve 921 blei tildelt 2. mars 2018 i TFO 2017 på norsk sokkel. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 22.08.2019