Boreløyve for brønn 6507/5-9 A i utvinningsløyve 838
02.10.2019 Oljedirektoratet har gitt PGNiG Upstream Norway AS boreløyve for brønn 6507/5-9 A, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 6507/5-9 A skal borast frå boreinnretninga Deepsea Nordkapp i posisjon 65°39'35,84"N og 7°38'50,85"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6507/5-9 S for PGNiG Upstream Norway AS i utvinningsløyve 838.
Boreprogrammet for brønn 6507/5-9 A gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 838. PGNiG Upstream Norway AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Aker BP ASA (30 prosent) og Wintershall DEA (30 prosent).
Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6507/6 og del av blokk 6507/5. Brønnen blir bora 4,5 kilometer søraust for Skarv-feltet i Norskehavet.
Utvinningsløyve 838 blei tildelt 5. februar 2016 i TFO 2015 på norsk sokkel. Dette er den andre leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 03.10.2019