Boreløyve for brønn 6507/7-16 S i utvinningsløyve 888
09.10.2019
Oljedirektoratet har gitt DNO North Sea (Norge) boreløyve for brønn 6507/7-16, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 6507/7-16 S skal borast frå boreinnretninga Island Innovator i posisjon 65°19'54,62"N og 7°11'51,71"Ø.
Boreprogrammet for brønn 6507/7-16 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 888. DNO North Sea (Norge) er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Wellesley Petroleum (30 prosent) og Conoco Phillips Skandinavia (30 prosent).
Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6507/7. Brønnen blir bora om lag 3 kilometer vest for Heidrun-feltet og 250 kilometer nord for Kristiansund.
Utvinningsløyve 888 vart delt ut 10.2.2017 i TFO 2017 på norsk sokkel.
Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet. Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 09.10.2019
Siste nyheter
Funn av gass i Barentshavet (7122/9-2)
17.01.2025
Vår Energi ASA og partnerne fant gass i prospektet «Elgol», men foreløpig beregning viser at funnet ikke er lønnsomt med dagens prisforutsetninger.
20 selskaper fikk tilbud om andeler
14.01.2025
I forhåndsdefinerte områder (TFO) 2024 har 20 selskaper fått tilbud om andeler i totalt 53 utvinningstillatelser på norsk sokkel.
Rekordhøy gassproduksjon i 2024
09.01.2025
Produksjonen av gass har aldri vært så høy, viser Sokkeldirektoratets oppsummering av aktiviteten på norsk sokkel i 2024.
Boreløyve for brønnbane 35/10-15 S
08.01.2025
Sokkeldirektoratet har gitt DNO Norge AS boreløyve for brønnbane 35/10-15 S i utvinningsløyve 1182 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønnbane 6507/2-8
08.01.2025
Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbane 6507/2-8 i utvinningsløyve 942, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønnbane 7/1-3
23.12.2024
Sokkeldirektoratet har gitt Vår Energi ASA boreløyve for brønnbane 7/1-3 i utvinningsløyve 1090, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Produksjonstal november 2024
20.12.2024
Førebels produksjonstal i november 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 975 000 fat olje, NGL og kondensat.