Boreløyve for brønn 6604/5-2 S i utvinningsløyve 894
23.12.2019 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Dea Norge AS boreløyve for brønn 6604/5-2 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 6604/5-2 S skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 66°36'33,48"N og 4°35'34,30"Ø etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6604/6-1 for Wintershall Dea Norge AS i utvinningsløyve 894.
Boreprogrammet for brønn 6604/5-2 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 894. Wintershall Dea Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Equinor Energy AS (40 prosent) og Petoro AS (20 prosent).
Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6604/5. Brønnen blir bora om lag 120 kilometer sørvest for Aasta Hansteen-feltet.
Utvinningsløyve 894 vart delt ut 10. februar 2017 i TFO 2016. Dette er den tredje brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 23.12.2019