Boreløyve for brønn 7324/6-1 i utvinningsløyve 855
20.05.2019 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 7324/6-1 jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 7324/6-1 skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 73°39'07,05"N og 24°58'35,39"A.
Boreprogrammet for brønn 7324/6-1 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 855. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 55 prosent, og rettshavarane er OMV (Norge) AS med 25 prosent og Petoro AS med 20 prosent.
Arealet i dette løyvet består av blokkene 7324/5, 7324/6, 7325/4 og 7325/5. Brønnen blir bora om lag seks kilometer vest for brønn 7325/4-1 Gemini Nord.
Utvinningsløyve 855 blei tildelt 10. juni 2016 i 23. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den andre leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 20.05.2019