Boreløyve for brønnbane 6507/3-13 og 6507/3-13 A i utvinningsløyve 159 B
15.04.2019 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnane 6507/3-13 og 6507/3-13 A jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 6507/3-13 og 6507/3-13 A skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 65 59`26,44 N og 07 44`43,02 A.
Boreprogrammet for brønn 6507/3-13 gjeld boring av undersøkingsbrønn og 6507/3-13 A avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 159 B. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 85 prosent. Den andre rettshavaren er INEOS E&P Norge AS med 15 prosent.
Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6507/3. Brønnane blir bora om lag fire kilometer nordvest for Alve-feltet.
Utvinningsløyve 159 B blei tildelt 13. august 2004 i konsesjonsrunde 12-B på norsk sokkel. Dette er den femte leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 12.02.2025