Boreløyve for brønn 16/4-12 i utvinningsløyve 981
26.10.2020 Oljedirektoratet har gitt Lundin Energy Norway AS boreløyve for brønn 16/4-12, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 16/4-12 skal borast frå boreinnretninga West Bollsta i posisjon 58° 41' 51.29" N og 02° 08' 50.75"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7219/11-1 for Aker BP ASA i utvinningsløyve 533 B.
Boreprogrammet for brønn 16/4-12 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 981. Lundin Energy Norway AS er operatør med ein del på 60 prosent. Den andre rettshavaren er Aker BP ASA (40 prosent).
Arealet i dette løyvet består av nordlig del av blokk 16/4. Brønnen blir bora om lag 1 kilometer vest for oljefunnet 16/4-6 S Solveig.
Utvinningsløyve 981 vart delt ut 1.3.2019 (TFO2018). Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet. Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 27.10.2020