Boreløyve for brønn 30/2-5 S i utvinningsløyve 878
11.05.2020 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 30/2-5 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 30/2-5 S skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 60°56'11,23"N og 2°37'12,51"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 35/10-6 for Equinor Energy AS i utvinningsløyve 827 S.
Boreprogrammet for brønn 30/2-5 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 878.
Equinor Energy AS er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er Wellesley Petroleum AS (20 prosent) og Source Energy AS (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 30/2 og 30/3. Brønnen blir bora om lag 17 kilometer sør for Kvitebjørn.
Utvinningsløyve 878 blei tildelt 10. februar 2017 i TFO 2016. Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 11.05.2020