Boreløyve for brønn 31/1-2 S og 31/1-2 A i utvinningsløyve 923
19.11.2020 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 31/1-2 S og 31/1-2 A, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønnane 31/1-2 S og 31/1-2 A skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 60°57'4,92"N og 3°18'32,98"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7018/5-1 for Equinor Energy AS i utvinningsløyve 960.
Boreprogrammet for brønnane 31/1-2 S og 31/1-2 A gjeld boring av undersøkingsbrønn 31/1-2 S og avgrensingsbrønn 31/1-2 A i utvinningsløyve 923. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (20 prosent), Wellesley Petroleum AS (20 prosent) og DNO Norge AS (20 prosent).
Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 31/1 og 31/2. Brønnane blir bora om lag 18 kilometer sør-vest for Fram-feltet.
Utvinningsløyve 923 vart delt ut i TFO 2017. Dette er dei første to leitebrønnane som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 19.11.2020