Boreløyve for brønn 35/8-7S i utvinningsløyve 880
16.03.2020 Oljedirektoratet har gitt Capricorn Norge AS boreløyve for brønn 35/8-7S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 35/8-7S skal borast frå boreinnretninga Island Innovator i posisjon 61°16'8,62"N og 3°30'23,14"Ø.
Boreprogrammet for brønn 35/8-7S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 880. Capricorn Norge AS er operatør med ein del på 60 prosent. Den andre rettshavaren er Edison Norge AS med ein del på 40 prosent. Arealet i dette løyvet består av del av blokk 35/8. Brønnen blir bora om lag 8 kilometer øst for Vegafeltet.
Utvinningsløyve 880 vart delt ut 10.02.2017 (TFO 2016). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 16.03.2020