Boreløyve for brønn 6407/1-8 S og A i utvinningsløyve 263 D
29.07.2020 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 6407/1-8 S og A, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 6407/1-8 S og A skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 64°59'55,64"N og 7°11'30,1"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 35/11-24 S for Equinor Energy AS i utvinningsløyve 248 C.
Boreprogrammet for brønn 6407/1-8 S og A gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 263 D. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 80 prosent. Den andre rettshavaren er Pandion Norge (20 prosent).
Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6407/1. Brønnen blir bora om lag 9 kilometer aust for Mariafeltet.
Utvinningsløyve 263 D vart delt ut 02.03.2018 i TFO 2017. Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 30.07.2020