Boreløyve for brønn 6506/11-12 S i utvinningsløyve 644
27.05.2020 Oljedirektoratet har gitt OMV Norge AS boreløyve for brønn 6506/11-12 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 6506/11-12 S skal borast frå boreinnretninga Island Innovator i posisjon 65°08'48,29"N og 06°20'32,24"A.
Boreprogrammet for brønn 6506/11-12 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 644. OMV Norge AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Equinor (40 prosent), DNO (20 prosent) og Spirit Energy (10 prosent).
Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 6506/8, 6506/10 og 6506/11. Brønnen blir bora om lag 4 kilometer vest for Morvin-feltet.
Utvinningsløyve 644 vart delt ut 03.02.2012 (TFO 2011). Dette er den andre leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 27.05.2020