Boreløyve for brønn 6507/5-10 S i utvinningsløyve 891
08.10.2020 Oljedirektoratet har gitt ConocoPhillips Skandinavia AS boreløyve for brønn 6507/5-10 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 6507/5-10 S skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 65°31'21,70"N og 07°29'21,91"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6507/4-1 for ConocoPhillips i utvinningsløyve 1009.
Boreprogrammet for brønn 6507/5-10 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 891. ConocoPhillips er operatør med ein del på 80 prosent. Den andre rettshavaren er Pandion Energy AS (20 prosent).
Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 6507/5, 6 og 8. Brønnen blir bora om lag 15 kilometer nord for Heidrun.
Utvinningsløyve 891 blei tildelt ut 10. februar 2017 (TFO 2016). Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet. Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 08.10.2020