Boreløyve for brønn 7018/5-1 i utvinningsløyve 960
23.10.2020 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 7018/5-1, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 7018/5-1 skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 70°40'25,86"N og 18°26'48,19"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6407/1-8 S for Equinor Energy AS i utvinningsløyve 263D.
Boreprogrammet for brønn 7018/5-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 960. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (20 prosent), Lundin Energy Norway AS (20 prosent) og Wintershall Dea Norge AS (20 prosent).
Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 7018/4 og 7018/5. Brønnen blir bora om lag 100 kilometer sørvest for Snøhvitfeltet.
Utvinningsløyve 960 vart delt ut 22.06.2018 (24. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 23.10.2020