Boreløyve for brønn 7219/11-1 i utvinningsløyve 533 B
12.05.2020 Oljedirektoratet har gitt Lundin Energy Norway AS boreløyve for brønn 7219/11-1 jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 7219/11-1 skal borast frå boreinnretninga West Bollsta i posisjon 72 11`46,64 N og 19 38`16,23 A.
Boreprogrammet for brønn 7219/11-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 533 B. Lundin Energy Norway AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Aker BP ASA med 35 prosent og Wintershall Dea Norge AS med 25 prosent.
Arealet i dette løyvet består av del av blokken 7219/11. Brønnen blir bora om lag 35 kilometer nordvest for 7220/11-1, Altafunnet.
Utvinningsløyve 533 B vart delt ut 02.03.2018 i TFO 2017. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 12.05.2020