Boreløyve for brønn 15/12-26 i utvinningsløyve 973
11.01.2021 Oljedirektoratet har gitt Chrysaor Norge AS boreløyve for brønn 15/12-26, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 15/12-26 skal borast frå boreinnretninga COSLInnovator i posisjon 58° 8' 19.07" N og 1° 55' 36.23"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 15/12-25 for Chrysaor Norge AS i utvinningsløyve 973.
Boreprogrammet for brønn 15/12-26 gjeld boring av undersøkingsbrønn også i utvinningsløyve 973. Chrysaor Norge AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er OKEA ASA (30 prosent) og Petoro AS (20 prosent).
Arealet i dette løyvet er del av blokk 15/12. Brønnen blir bora om lag 10 kilometer sør for oljefunnet 15/12-21 (Grevling).
Utvinningsløyve 973 vart delt ut 1.3.2019 (TFO2018). Dette blir den andre leitebrønnen som blir bora i løyvet. Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 11.01.2021