Boreløyve for brønn 24/12-7 i utvinningsløyve 1041
18.10.2021 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 24/12-7, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Brønn 24/12-7 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Stavanger i posisjon 59°11'14,553"N og 1°49'3,880"A.
Boreprogrammet for brønn 24/12-7 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 1041. Aker BP ASA er operatør med ein del på 55 prosent. Dei andre rettshavarane er Neptune Energy Norge AS (30 prosent) og Lundin Energy Norway AS (15 prosent).
Arealet i dette løyvet består av del av blokk 24/12. Brønnen blir bora om lag 15 kilometer sør for Bøylafeltet.
Utvinningsløyve 1041 vart delt ut 14.02.2020 (TFO2019). Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 18.10.2021