Boreløyve for brønn 2/5-15 i utvinningsløyve 006 C
05.08.2021 Oljedirektoratet har gitt DNO Norge AS boreløyve for brønn 2/5-15, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Brønn 2/5-15 skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 56°36'42,42"N og 3°25'55,67"A etter plugging og forlating av brønnbanar på Oselvarfeltet før nedstenging for DNO i utvinningsløyve 274.
Boreprogrammet for brønn 2/5-15 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 006 C. DNO Norge AS er operatør med ein del på 85 prosent. Den andre rettshavaren er Aker BP ASA (15 prosent). Arealet i dette løyvet består av deler av blokk 2/5. Brønnen blir bora om lag 15 kilometer nordaust for Ekofiskfeltet.
Utvinningsløyve 006 C vart delt ut 09.10.2000 (1-A.Runde). Dette er den fjerde leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 05.08.2021