Boreløyve for brønn 35/11-25 S og 35/11-25 A i utvinningsløyve 090
12.04.2021 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 35/11-25 S og 35/11-25 A, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Brønn 35/11-25 S og 35/11-25 A skal borast frå boreinnretninga Deepsea Atlantic i posisjon 61° 02’ 12.72’’ N og 003° 26’ 53.58’’ A etter vedlikehaldsarbeid på Gullfaks for Equinor Energy AS i utvinningsløyve 050.
Boreprogrammet for brønn 35/11-25 S og 35/11-25 A gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 090. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 45 prosent. Dei andre rettshavarane er Vår Energi AS (25 prosent), Neptune Energy Norge AS (15 porsent) og Idemitsu Petroleum Norge AS (15 prosent).
Arealet i dette løyvet består av del av blokk 35/11. Brønnene blir bora om lag 10 kilometer vest for Framfeltet.
Utvinningsløyve 090 vart delt ut 09.03.1984 (8. runde). Dette er den 21. leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 12.04.2021