Boreløyve for brønn 6306/3-1 S i utvinningsløyve 937
13.09.2021 Oljedirektoratet har gitt INEOS E&P Norge AS boreløyve for brønn 6306/3-1 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Brønn 6306/3-1 S skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 63°53'8,79"N og 6°46'9,65"Ø.
Boreprogrammet for brønn 6306/3-1 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 937. INEOS E&P Norge AS er operatør med ein del på 85 prosent. Den andre rettshavaren er Lime Petroleum AS (15 prosent).
Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 6306/2 og 6306/3. Brønnen blir bora om lag 15 kilometer sør for 6406/12-4 S (Boomerang) på Fenjafeltet.
Utvinningsløyve 937 vart delt ut 02.03.2018 (TFO 2017). Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 13.09.2021