Boreløyve for brønn 6306/9-1 i utvinningsløyve 886

Illustrasjonsbilde.
23.11.2021 Oljedirektoratet har gitt Lundin Energy Norway AS boreløyve for brønn 6306/9-1, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Brønn 6306/9-1skal borast frå boreinnretninga Deepsea Stavanger i posisjon 63°22'34,30"N og 06°45'30,53"A.
Boreprogrammet for brønn 6306/9-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 886. Lundin Energy Norway AS er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er Spirit Energy Norway AS (20 prosent) og Petoro AS (20 prosent).
Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 6306/6, 6306/8 og 6306/9. Brønnen blir bora om lag 72 kilometer øst for Ormen Lange feltet.
Utvinningsløyve 886 vart delt ut 10.02.2017 i TFO 2016. Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 11.02.2025