Boreløyve for brønn 6406/3-10 A i utvinningsløyve 836 S
16.03.2021 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Dea Norge AS boreløyve for brønn 6406/3-10 A, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Brønn 6406/3-10 A skal borast frå boreinnretninga Deepsea Aberdeen i posisjon 64°56'16,19"N og 6°46'42,63"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6507/4-2 S for Wintershall Dea Norge AS i utvinningsløyve 211.
Boreprogrammet for brønn 6406/3-10 A gjeld boring av avgrensningsbrønn i utvinningsløyve 836 S. Wintershall Dea Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er DNO Norge AS (30 prosent) og Spirit Energy Norway AS (30 prosent).
Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 6406/2 og 6406/3. Brønnen blir bora om lag 8 kilometer vest for Mariafeltet i Norskehavet og 200 kilometer nord for Kristiansund.
Utvinningsløyve 836 S vart delt ut 05.02.2016 (TFO2015) Dette er den andre leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Oppdatert: 17.07.2024