Tor Austad og Corec deler OD sin IOR-pris 2010

07.06.2011 Professor Tor Austad (UiS) og forskingssenteret Corec ved IRIS er tildelt OD sin IOR-pris for 2010. Austad og Corec vert heidra for den svært viktige forskinga som er utført for å få meir olje ut av krittfelta.

IOR-prisen (IOR, improved oil recovery, auka oljeutvinning) vart delt ut på Norsk petroleumsforening (NPF) sin konferanse om reservoarstyring  i Stavanger i dag, 7. juni.

Professor Tor Austad ved Universitetet i Stavanger (UiS) og Corec deler IOR-prisen for 2010. Deira forskingsresultat er avgjerande for forståinga av dei reservoarmessige utvinningsmekanismane for krittfelta i den sørlige delen av Nordsjøen. Forskinga deira gir dermed eit viktig grunnlag for dei avgjerdene oljeselskapa må ta.

”Med bakgrunn i Austad si langsiktige forsking innan reservoarkjemi og fukteigenskapar i krittbergartar, og koplinga dette har til vidare utvinning frå krittfelta i den sørlege delen av Nordsjøen, er han ein særs verdig vinnar av Oljedirektoratet sin IOR-pris for 2010,” seier oljedirektør Bente Nyland. 

Gjennom eit systematisk arbeid saman med eit stort tal doktorgradsstudentar har Austad i løpet av 15 år avdekka sjøvatnet sine spesielle eigenskapar som EOR- og kompaksjonsfluid  i krittreservoar med høg temperatur. Dette har gitt eit viktig bidrag til å forstå korleis injeksjon av sjøvatn så effektivt fortrenger olja frå Ekofiskfeltet.

Likeeins har han bidrege betydeleg til å oppklare den kjemiske mekanismen for svekking av krittbergarten med sjøvatn. Dette vil ha stor økonomisk betyding også i arbeidet med å effektivisere og auke levetida til brønnane i området.

Forskingssenteret Corec, som Austad deler prisen med, har arbeidd med auka utvinning sidan det vart etablert i 2002. OD framhever betydninga av at Corec går grundig til verks med å sjå på metodar for å auke oljeutvinninga frå krittfelta i Ekofiskområdet, noko som også inkluderer  å utforske effekten av å injisere CO2 i etterkant av vassinjeksjon i krittfelta.

”Potensialet for auka utvinning med bruk av CO2 er utvilsamt stor. Samstundes er integriteten og stabiliteten til krittbergarten eit utfordrande spørsmål dersom CO2 vert injisert,” kommenterer Nyland.

”Forskinga på desse emna er betyr mykje for viktige avgjerder i framtida. Vi har ikkje alle svara ennå, men det er nedlagt så mykje godt arbeid at OD ønskjer å honorere også dette med IOR-prisen for 2010.”

Det vil truleg vere produksjon frå krittfelta på norsk sokkel til 2050 og utover. Det er heva over einkvar tvil at forskingsinnsatsen har bidrege til dei positive resultata, og dermed har vore med på å skape store verdiar både for rettshavarane og for det norske samfunnet.

Vassinjeksjon fungerer ikkje på same vis i eit oppsprukke krittfelt som i eit sandsteinsfelt. Det å forstå korleis injeksjon av sjøvatn fungerer på både mikroskopisk nivå og i større skala har vore ei utfordring for forskarar i fleire tiår. Eitt av spørsmåla har vore om ein like gjerne kunne ha injisert vatn som vert produsert frå reservoaret saman med olja. Ein veit også at krittbergarten vert pressa saman under produksjonen. Det har til dømes ført til at havbotnen på Ekofisk til no har søkkt med inntil 9,5 meter midt på feltet. Samtidig fører denne effekten til at det vert pressa ut meir olje frå feltet. Korleis blir så denne dramatiske og viktige effekten påverka av langvarig vassinjeksjon i feltet? Dette er eit anna viktig forskingstema.

For mange viktige vedtak som allereie er tatt eller vil bli tatt i framtida, og som omfattar milliardar av kroner i investeringar, er det avgjerande å få gode nok svar på utfordrande spørsmål knytt til det som skjer i reservoaret. 

Krittfelta Ekofisk, Eldfisk, Tor, Valhall og Hod i den sørlege delen av Nordsjøen har framleis mykje olje og gass som det kan løne seg å utvinne . Ekofisk, Eldfisk og Valhall er tre av dei seks felta på norsk sokkel som vil ha mest olje igjen i undergrunnen når dagens reservar er produsert.

I tillegg kan gasskondensatfunnet Tommeliten Alpha bli bygt ut, og etter kvart kan det blir aktuelt å byggje ut att eitt eller fleire av dei nedstengte krittfelta. Det tek lengre tid å produsere olja og gassen frå krittfelt enn frå sandsteinfelt.

Kan ein auke oljeutvinninga ytterlegare frå krittfelta med bruk av meir avanserte utvinningsmetoder i framtida, når det er vanskeleg å få ut meir ved vassinjeksjon? Her er det nye utfordringar å bryne seg på for forskarane og for oljeselskapa.

Mange ulike instansar har bidrege med forsking for å auke utvinninga frå krittfelta. Desse inkluderer selskapa sine eigne forskingssentra, det norsk-danske forskingssamarbeidet Joint Chalk Research og til dømes Universitetet i Bergen.

ConocoPhillips (dåverande Phillips Petroleum Company) fekk IOR prisen i 2000 for sin innsats for å auke utvinninga frå Ekofisk – den gong i i tider med låg oljepris. Denne innsatsen vart vidareført i 2010 og 2011 ved framlegging av planane for Ekofisk Sør og Eldfisk II.

Vidare fikk BP og Valhall Unit IOR prisen i 2003 for prosjektet Life of field seismic på Valhall, som var det første av denne typen på norsk sokkel og som vil bidra til auka utvinning frå Valhall.

 

Oppdatert: 07.06.2011

Siste nyheter

Produksjonstal november 2024
20.12.2024 Førebels produksjonstal i november 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 975 000 fat olje, NGL og kondensat.
Hva vil du lære mer om på Teknologidagen 2025?
20.12.2024 Sokkeldirektoratet arrangerer teknologidag 5. juni 2025 i Stavanger – nå kan du nominere forslag til foredrag på teknologidagen.
Tre selskap får tilbud om areal for lagring av CO2
19.12.2024 I dag har tre selskap fått tilbud om letetillatelser til lagring av CO2 i to areal i Nordsjøen.
Sokkelåret 2024 presenteres 9. januar
19.12.2024 9. januar 2025 klokka 10.00 får du tallene, trendene og historiene presentert av direktør Torgeir Stordal.
Boreløyve for brønnbanane 6306/6-3 S og 6507/5-13 S
19.12.2024 Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbane 6306/6-3 S i utvinningsløyve 886 og 6507/5-13 S i utvinningsløyve 212, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Funn av olje og gass i Nordsjøen (31/1-4)
17.12.2024 Equinor og partnerne har funnet olje og gass i undersøkelsesbrønn 31/1-4 («Ringand») i Nordsjøen.
Oljefunn nær Goliat-feltet (7122/8-2 S)
16.12.2024 Vår Energi og partner Equinor har påvist olje i letebrønn 7122/8-2 S i Barentshavet.
Tørr brønn i Nordsjøen (34/6-7 S)
13.12.2024 Aker BP og partnerne har boret undersøkelsesbrønn 34/6-7 S («Kaldafjell») i den nordlige delen av Nordsjøen.
Avgrenset funn i Norskehavet (6507/4-5 S)
10.12.2024 Wintershall Dea (Harbour Energy) har påvist gass i avgrensingsbrønn 6507/4-5 S i Norskehavet, 270 kilometer nord for Kristiansund.
Tørr brønn i Norskehavet (6608/10-R-2 H)
03.12.2024 Prospektet «Løvmeis» i Norskehavet, boret av Equinor, viser seg å være tørt.