Tor Austad

07.06.2011 Professor Tor Austad har arbeidd med kjemiske metodar for EOR (enhanced oil recovery, forbetra oljeutvinning) heilt sidan det første nasjonale programmet for auka oljeutvinning  OD-administrerte SPOR, vart starta i 1985.

Tor AustadAustad har sidan RUTH-programmet i 1992 også arbeidd med ei kjemisk forståing av fukteigenskapane i krittreservoar.

Tor Austad har rettleia ei rekke studentar fram til doktorgraden, kor av fleire innan problemstillingar knytt til karbonat, som er den klassen krittreservoara tilhøyrer. Dette har resultert i meir enn 50 artiklar i internasjonale tidsskrift og mange presentasjonar på internasjonale konferansar. Forskinga har vekt stor internasjonal respekt.  I ei årrekkje har Austad vore ein av dei viktigaste norske  bidragsytarane innan det internasjonale IEA-samarbeidet (International Energy Agency) sitt samarbeid om auka oljeutvinning. Austad har også fått godkjent ein patent for fuktendring i karbonatar.

Tor Austad sitt arbeid innan fukteigenskapar til kalk har vekt internasjonal merksemd, og i samarbeid med internasjonale oljeselskap har han starta forsking med vassbasert EOR for andre karbonat som kalkstein (”limestone”) og dolomitt.

Han har også fått støtte frå oljeselskap til å studere fukteigenskapar i sandsteinsreservoar med spesiell fokus på ”Low salinity flooding”.

 

Oppdatert: 07.06.2011

Siste nyheter

Boreløyve for brønnbane 30/11-16 S
15.04.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbane 30/11-16 S i utvinningsløyve 873, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Her er oversikten over TFO
09.04.2025 Gjennom TFO har industrien fått jevnlig tilgang til nytt areal på norsk sokkel. I dag er nesten alt areal som er åpnet for petroleumsvirksomhet inkludert.
Programmet til teknologidagen er klart
08.04.2025 Sokkeldirektoratets teknologidag går av stabelen 5. juni. Det er fortsatt muligheter til å sikre seg plass!
Fant enda en sulfidforekomst på norsk sokkel, «Gygra»
02.04.2025 Senter for dyphavsforskning ved Universitetet i Bergen (UiB) og Sokkeldirektoratet har funnet en ny sulfidlokasjon på Knipovitsjryggen, vest for Svalbard.
Sokkeldirektoratet med ny organisasjon
01.04.2025 I dag får Sokkeldirektoratet ny organisering.
Olje- og gassfunn i Nordsjøen (35/10-15 S og A)
28.03.2025 DNO og partnere har gjort et funn av olje og gass i prospektet «Kjøttkake».
Tørr brønn i Norskehavet (6507/2-8)
27.03.2025 Aker BP ASA og partnerne har fullført boringen av prospektet «Kongeørn» i Norskehavet, 240 kilometer vest for Sandnessjøen.
Boreløyve for brønnbane 25/11-30 S
27.03.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 25/11-30 S i utvinningsløyve 169, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Tørr brønn i Nordsjøen (35/6-6)
26.03.2025 OMV og partnerne har boret tørt i prospektet «Horatio» i Nordsjøen.
Produksjonstal februar 2025
20.03.2025 Førebels produksjonstal i februar 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 938 000 fat olje, NGL og kondensat.