Mineraltoktet vel i hamn

tokt1.JPG

Her er borekjernen på veg opp på dekk.

09.10.2020 Oljedirektoratet (OD) har igjen jakta mineral på havbotnen – denne gongen med hjelp av ny teknologi, iallfall i denne samanhengen.

Med fartøyet Island Valiant har OD vore på eit fem veker langt tokt på Mohnsryggen nordvest i Norskehavet. Tidlegare i veka la fartyet til kai på Hareid på Sunnmøre etter vellukka tokt.

På toktet har operatøren TIOS gjennomført boreoperasjonar på 3000 meter havdjup for å ta prøvar av mineralførekomstar.  Dei siste åra har OD vore på fleire kartleggingstokt, både i samarbeid med Universitetet i Bergen og på eigen kjøl.

Med hjelp av detaljerte data og prøvar frå havbotnen er det påvist fleire mineralførekomstar.

I desse førekomstane finst det metall og mineral som er viktige for mellom anna batteriteknologi, vindturbinar og mobiltelefonar.

Mohnsryggen er ein oseansk spreiingsrygg som skil to jordskorpeplater, og føremålet med dette toktet var å gjere undersøkingar under havbotnen med å bore grunne hol i mineralfelta og å teste ut boreteknologien på så store havdjup.

Oljedirektoratet er fagdirektorat også for mineral på havbotnen, og har fått i oppdrag av Olje-og energidepartementet å kartleggje og påvise mineralførekomstar i djuphavet. 

Banebrytande operasjonar

Boreoperasjonane blei gjort på meir enn 3000 meter djupt vatn med kveilerøyr, dette er ein samanhengande borestreng som er kveila på rull. I tillegg til TIOS har Island Offshore, Halliburton og Oceaneering vore sentrale for prosjektet. 

«Dette er eit ekte pionertokt», seier leitedirektør Torgeir Stordal i OD.

«Det er første gong det er nytta kveilerøyrteknologi på så store havdjup, og det er første gong slik boreteknologi blir brukt til utforsking av mineral på havbotnen».

«Sidan dette er upløgd mark, var vi ikkje sikre på om det ville fungere. Det har det gjort. Vi har tatt mange prøvar som blir nyttige i arbeidet framover», legg han til.

«Kompetanse som norsk industri har opparbeidd seg etter 50 års erfaring frå petroleumsbransjen gjorde at dette nybrottsarbeidet blei vellukka. Norsk teknologi og kompetanse banar veg også på dette området, og viser at vi er leiande innanfor utforsking av mineral på havbotnen».

Skal analysere

Dette er tredje gong OD utfører eigne operasjonar på djupt vatn for å kartleggje potensialet for mineral på havbotnen, og innsamla data og prøvemateriale skal nå analyserast.

«Resultata blir ein viktig del av grunnlaget for å vurdere kor store mengder mineral som finst i desse områda. Dette er ei oppgåve Olje- og energidepartementet har bede OD om å utføre», seier oljedirektør Ingrid Sølvberg.

skorstein2.jpg

Sulfidskorsteinar frå et utdøydd felt i eit område kalla Mohnsskatten.

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 10.02.2025

Siste nyheter

Fant «ny» kildebergart vest for Svalbard
24.04.2025 Studier av naturlige olje- og gassutsivinger fra havbunnen har gitt ny kunnskap om en fram til nå oversett ung kildebergart.
Produksjonstal mars 2025
23.04.2025 Førebels produksjonstal i mars 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 972 000 fat olje, NGL og kondensat.
Boreløyve for brønnbane 30/11-16 S
15.04.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbane 30/11-16 S i utvinningsløyve 873, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Her er oversikten over TFO
09.04.2025 Gjennom TFO har industrien fått jevnlig tilgang til nytt areal på norsk sokkel. I dag er nesten alt areal som er åpnet for petroleumsvirksomhet inkludert.
Programmet til teknologidagen er klart
08.04.2025 Sokkeldirektoratets teknologidag går av stabelen 5. juni. Det er fortsatt muligheter til å sikre seg plass!
Fant enda en sulfidforekomst på norsk sokkel, «Gygra»
02.04.2025 Senter for dyphavsforskning ved Universitetet i Bergen (UiB) og Sokkeldirektoratet har funnet en ny sulfidlokasjon på Knipovitsjryggen, vest for Svalbard.
Sokkeldirektoratet med ny organisasjon
01.04.2025 I dag får Sokkeldirektoratet ny organisering.
Olje- og gassfunn i Nordsjøen (35/10-15 S og A)
28.03.2025 DNO og partnere har gjort et funn av olje og gass i prospektet «Kjøttkake».
Tørr brønn i Norskehavet (6507/2-8)
27.03.2025 Aker BP ASA og partnerne har fullført boringen av prospektet «Kongeørn» i Norskehavet, 240 kilometer vest for Sandnessjøen.
Boreløyve for brønnbane 25/11-30 S
27.03.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 25/11-30 S i utvinningsløyve 169, jf. ressursforskrifta paragraf 13.