Oljedirektoratet

Mineraltoktet vel i hamn

tokt1

Her er borekjernen på veg opp på dekk.

09.10.2020 Oljedirektoratet (OD) har igjen jakta mineral på havbotnen – denne gongen med hjelp av ny teknologi, iallfall i denne samanhengen.

Med fartøyet Island Valiant har OD vore på eit fem veker langt tokt på Mohnsryggen nordvest i Norskehavet. Tidlegare i veka la fartyet til kai på Hareid på Sunnmøre etter vellukka tokt.

På toktet har operatøren TIOS gjennomført boreoperasjonar på 3000 meter havdjup for å ta prøvar av mineralførekomstar.  Dei siste åra har OD vore på fleire kartleggingstokt, både i samarbeid med Universitetet i Bergen og på eigen kjøl.

Med hjelp av detaljerte data og prøvar frå havbotnen er det påvist fleire mineralførekomstar.

I desse førekomstane finst det metall og mineral som er viktige for mellom anna batteriteknologi, vindturbinar og mobiltelefonar.

Mohnsryggen er ein oseansk spreiingsrygg som skil to jordskorpeplater, og føremålet med dette toktet var å gjere undersøkingar under havbotnen med å bore grunne hol i mineralfelta og å teste ut boreteknologien på så store havdjup.

Oljedirektoratet er fagdirektorat også for mineral på havbotnen, og har fått i oppdrag av Olje-og energidepartementet å kartleggje og påvise mineralførekomstar i djuphavet. 

Banebrytande operasjonar

Boreoperasjonane blei gjort på meir enn 3000 meter djupt vatn med kveilerøyr, dette er ein samanhengande borestreng som er kveila på rull. I tillegg til TIOS har Island Offshore, Halliburton og Oceaneering vore sentrale for prosjektet. 

«Dette er eit ekte pionertokt», seier leitedirektør Torgeir Stordal i OD.

«Det er første gong det er nytta kveilerøyrteknologi på så store havdjup, og det er første gong slik boreteknologi blir brukt til utforsking av mineral på havbotnen».

«Sidan dette er upløgd mark, var vi ikkje sikre på om det ville fungere. Det har det gjort. Vi har tatt mange prøvar som blir nyttige i arbeidet framover», legg han til.

«Kompetanse som norsk industri har opparbeidd seg etter 50 års erfaring frå petroleumsbransjen gjorde at dette nybrottsarbeidet blei vellukka. Norsk teknologi og kompetanse banar veg også på dette området, og viser at vi er leiande innanfor utforsking av mineral på havbotnen».

Skal analysere

Dette er tredje gong OD utfører eigne operasjonar på djupt vatn for å kartleggje potensialet for mineral på havbotnen, og innsamla data og prøvemateriale skal nå analyserast.

«Resultata blir ein viktig del av grunnlaget for å vurdere kor store mengder mineral som finst i desse områda. Dette er ei oppgåve Olje- og energidepartementet har bede OD om å utføre», seier oljedirektør Ingrid Sølvberg.

skorstein2.jpg

Sulfidskorsteinar frå et utdøydd felt i eit område kalla Mohnsskatten.

Kontakt
Eldbjørg Vaage Melberg

Tlf: +47 51 87 61 00

Oppdatert: 13.10.2020

Siste nyheter

Ledig stilling som samfunnsøkonom
14.05.2024 Vil du jobbe med faktabaserte analyser som viktige grunnlag for opplyste beslutninger og god samfunnsdebatt? Nå ønsker vi å styrke analysearbeidet i direktoratet med en samfunnsøkonom.
Utlysning av tildeling i forhåndsdefinerte områder (TFO) 2024
08.05.2024 Energidepartementet har 8. mai 2024 lyst ut TFO 2024, som omfatter de forhåndsdefinerte områdene med blokker i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.
Boreløyve for brønnbanane 7324/6-2 og 7324/8-4
06.05.2024 Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for for brønnbanane 7324/6-2 og 7324/8-4 i utvinningsløyve 1170, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Ledige stillinger som dataanalytiker
03.05.2024 Vil du jobbe med et stort og komplekst datasett? Er du opptatt av grundig dataanalyse og dataintegritet? Har du lyst til å presentere data på en kreativ måte? Da er en av disse stillingene for deg!
Åtte selskaper har søkt om areal for CO2-lagring
30.04.2024 Energidepartementet (ED) har mottatt søknader fra åtte selskaper i forbindelse med utlysningen av to områder i Nordsjøen knyttet til lagring av CO2 på norsk sokkel.
Inviterer til å nominere blokker for mineralvirksomhet på havbunnen
29.04.2024 Sokkeldirektoratet har i brev av 29. april invitert aktører til å nominere blokker i forbindelse med første konsesjonsrunde for mineralvirksomhet på havbunnen.
Boreløyve for brønnbane 35/10-14 S og 35/10-14 A
29.04.2024 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbanane 35/10-14 S og 35/10-14 A i utvinningsløyve 1185, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Brønn for datainnsamling på Wisting
22.04.2024 Equinor har avsluttet en avgrensningsbrønn (7324/7-4) på Wisting-funnet i Barentshavet. Hensikten var å samle inn data om reservoar og kappebergart, for å bruke i pågående evaluering og utbygging av funnet.
Produksjonstal mars 2024
19.04.2024 Førebels produksjonstal i mars 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 086 000 fat olje, NGL og kondensat.
Sokkeldirektoratet publiserer nye dyphavsdata
17.04.2024 Sokkeldirektoratet offentliggjorde i juni 2022 data innsamlet fram til 2022. Nå frigis dyphavsdata samlet inn fra 2022 til 2024.