Alle statusrapportane er no på Faktasidene og i Faktakart

john-schnobrich-FlPc9_VocJ4-unsplash.jpg

Illustrasjonsfoto: John Schnobrich, Unsplash.

04.11.2022 No er alle tilgjengelege statusrapportar (tilbakeleveringsrapportar) gjort tilgjengelege på Faktasidene.

Dette utgjer rapportar frå meir enn 600 utvinningsløyve.

OD har gått gjennom fleire hundre historiske statusrapportar det siste året for å gjere desse klare for publisering. Dei publiserte rapportane kan også hentast fram direkte frå ODs Faktakart.

Med denne funksjonaliteten får du raskt oversikt over kor det finst rapportar. Dersom du ynskjer rapportar berre frå eit bestemt område, er det lett å gjere det direkte frå kartet.

For å finne rapportar frå til dømes Mørebassenget eller blokk 31 kan ein slå på kartlaget «Lisens, dokument», zoome inn og markere – og få oversikt over statusrapportane som er frigitt i området.

Ein statusrapport gir eit samandrag av mellom anna historikken til eit utvinningsløyve. Han har og informasjon om data som er samla inn, studiar som er gjort og resultat av desse studia. I tillegg gir rapporten ei oversikt over kartlagt prospektivitet i utvinningsløyvet.

Petroleumsforskriftas paragraf 85 fjerde ledd blei endra, med tilbakeverkande kraft, frå 1. januar 2021. Endringa medfører at teieplikta for tolka data i statusrapportar fell bort frå det tidspunktet løyvet blir gitt opp, fell bort, går ut eller det området data stammar frå blir levert tilbake. Dermed kan statusrapportane frigjevast.

«Norsk sokkel blir stadig meir moden, og mange av dei same områda er blitt utforska i fleire utvinningsløyve tidlegare. For å forstå petroleumsgeologien på sokkelen betre, og unngå å gjere det same arbeidet fleire gongar, er det viktig å overføre kunnskap og data slik at også nye aktørar får innsikt i førre rettshavarars vurderingar», seier Arne Jacobsen, underdirektør i Teknologi, analysar og sameksistens.

Om lag eit og eit halvt år etter at arbeidet med å frigi statusrapportane byrja, ser ein at dei blir mykje brukt av selskapa, og tilbakemeldingane er gode. Mellom anna brukar dei rapportane når dei skriv TFO-søknadar (TFO, tildeling i forhåndsdefinerte områder). Rapportane gir oversikt over kva arbeid som er utført og tidlegare tolkingar av geologien i området.

«Særleg små selskap med mindre databasar har nytte av å sjå analysar frå område dei kanskje ikkje har data frå kan brukast til å få oversikt over areal dei vurderer å søkje seg inn i», seier Jacobsen.

Operatøren skal levere inn statusrapport seinast tre månadar etter at eit utvinningsløyve går ut, bortfell eller oppgis. Den blir gjort tilgjengeleg på ODs Faktasider og Faktakart så snart den er kvalitetssikra. I praksis betyr det at OD ser til at rapporten er i tråd med rettleiinga og at han ikkje inneheld forretningsløyndomar.

Her finn du frigjevne statusrapportar i Faktakart 
Her finn du frigjevne statusrapportar i Faktasider 

Kontakt
Bjørn Rasen

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 07.11.2022

Siste nyheter

Forbedret sokkelkart
21.02.2025 Sokkeldirektoratets faktakart er oppgradert, noe som gjør tjenesten enklere å bruke.
Tørr brønn i Norskehavet (6306/6-3 S)
21.02.2025 Aker BP ASA og partnerne har boret tørt i prospektet «Bounty Updip» i Norskehavet.
Liten økning i olje- og gassressursene på sokkelen
20.02.2025 De totale petroleumsressursene på norsk sokkel økte litt i fjor, viser årets «vareopptelling» – ressursregnskapet for 2024.
Produksjonstal januar 2025
20.02.2025 Førebels produksjonstal i januar 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 990 000 fat olje, NGL og kondensat.
CO2-lagring på norsk sokkel kan bli en ny industri
10.02.2025 I fjor ble det gitt flere tillatelser for lagring av CO2 på norsk sokkel enn noen gang tidligere.
Boreløyve for brønnbane 7220/7-CD-1 H
10.02.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 7220/7-CD-1 H i utvinningsløyve 532, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Tørr brønn i Nordsjøen (35/6-5 S)
06.02.2025 Aker BP ASA og partnerne har boret tørt i prospektet «Njargasas» i Nordsjøen.
Høring – forslag til ny forskrift om datainnsamling og dokumentasjon i mineralvirksomhet på kontinentalsokkelen
05.02.2025 Sokkeldirektoratet fremlegger med dette forslag til ny forskrift om datainnsamling og dokumentasjon i mineralvirksomhet på kontinentalsokkelen til offentlig høring. 
Boreløyve for brønnbane 7/1-4 S
31.01.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Vår Energi ASA boreløyve for brønnbane 7/1-4 S i utvinningsløyve 1090, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Tørr brønn i Norskehavet (6305/10-1)
22.01.2025 Orlen Upstream Norway og partner Norske Shell har boret tørt i undersøkelsesbrønn 6305/10-1 «Tomcat» i den sørlige delen av Norskehavet.