Deler data frå eldre brønnar

ekofiskfeltet.jpg

Ekofiskfeltet. Foto: Shutterstock.

31.10.2022 Produksjons- og injeksjonsdata frå eldre brønnar er no tilgjengelege i Diskos.

Historiske produksjonsdata er spesielt verdifulle når nye brønnar skal borast i nærleiken av ein eksisterande brønn. Slike data har også stor verdi når ein skal forstå eigenskapane til ein utvinningsbrønn som framleis produserer og når eit nytt selskap vurderer å kjøpe seg inn eller overta eit felt eller område.

Frå midten av 1980-talet og fram til 2000 blei brønnproduksjon og -injeksjon rapportert til Oljedirektoratet i PPRS, som er det opphavlege formatet for rapportering desse dataa.

Produksjonsdata som er rapportert til styresmaktene i dette formatet er konvertert til dagens MPRML-format, og gjort tilgjengeleg i Diskos.

Dette inkluderer data tilbake til oppstarten av produksjon på norsk sokkel frå 1971.

Resultatet av arbeidet er at Oljedirektoratet får offentleggjort data som før berre har vore tilgjengelege internt, i eit lite brukarvenleg format. Prosessen har mellom anna involvert verifikasjon og korrigering av brønnbanenamn, handtering av doble data og til slutt konvertering til dagens xml-baserte format og opplasting til Diskos. Sjølve produksjons- og injeksjonsvoluma er som innrapportert frå operatørane.

Totalt er over 120 000 linjer med data validert og lasta inn, der kvar linje representerer data for ein gitt brønn i ein månad.

 

Alle data er no tilgjengelege på Diskos Public portal.

 

 

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 31.07.2024

Siste nyheter

Boreløyve for brønnbane 30/11-16 S
15.04.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbane 30/11-16 S i utvinningsløyve 873, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Her er oversikten over TFO
09.04.2025 Gjennom TFO har industrien fått jevnlig tilgang til nytt areal på norsk sokkel. I dag er nesten alt areal som er åpnet for petroleumsvirksomhet inkludert.
Programmet til teknologidagen er klart
08.04.2025 Sokkeldirektoratets teknologidag går av stabelen 5. juni. Det er fortsatt muligheter til å sikre seg plass!
Fant enda en sulfidforekomst på norsk sokkel, «Gygra»
02.04.2025 Senter for dyphavsforskning ved Universitetet i Bergen (UiB) og Sokkeldirektoratet har funnet en ny sulfidlokasjon på Knipovitsjryggen, vest for Svalbard.
Sokkeldirektoratet med ny organisasjon
01.04.2025 I dag får Sokkeldirektoratet ny organisering.
Olje- og gassfunn i Nordsjøen (35/10-15 S og A)
28.03.2025 DNO og partnere har gjort et funn av olje og gass i prospektet «Kjøttkake».
Tørr brønn i Norskehavet (6507/2-8)
27.03.2025 Aker BP ASA og partnerne har fullført boringen av prospektet «Kongeørn» i Norskehavet, 240 kilometer vest for Sandnessjøen.
Boreløyve for brønnbane 25/11-30 S
27.03.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 25/11-30 S i utvinningsløyve 169, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Tørr brønn i Nordsjøen (35/6-6)
26.03.2025 OMV og partnerne har boret tørt i prospektet «Horatio» i Nordsjøen.
Produksjonstal februar 2025
20.03.2025 Førebels produksjonstal i februar 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 938 000 fat olje, NGL og kondensat.