Skal evaluere nytt filformat for seismikk

Seismikk.jpg

Segy rev. 2-formatet vil gjere det mogleg å i langt større grad automatisere innrapporteringa av seismikk.

17.10.2022 I tida framover kjem mange aktørar på sokkelen, mellom anna oljeselskap, programvareleverandørar og i seismikkselskap, til å bli kontakta av Troika International.

Diskos og Oljedirektoratet har gitt Troika International oppdraget med å utgreie kva som skal til for å implementere eit oppdatert rapporteringsformat for seismikkdata.

«Segy rev. 2-formatet vil gjere det mogleg å i langt større grad automatisere innrapporteringa av seismikk. Det blir også lettare for brukarane å konvertere formatet til sine ønska bruksformat», seier Petter Dischington, som er ansvarleg for prosjektet i OD.

Segy-formatet som blir bruk i dag stammar frå 1970-talet, og det er godt kjent for alle som har brukt seismikk.  Men formatet har avgrensingar som gjer det vanskeleg å lagre dagens enorme mengder seismikkdata, og maskinlesbarheita til formatet er ikkje optimalt. Noreg blir eitt av dei første landa som tar i bruk Segy rev. 2.

Prosjektet skal ferdigstillast i første kvartal 2023. Etter planen skal det danne grunnlaget for vidare oppdatering av rapporteringsregelverket for seismikkdata.

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 17.10.2022

Siste nyheter

Fant «ny» kildebergart vest for Svalbard
24.04.2025 Studier av naturlige olje- og gassutsivinger fra havbunnen har gitt ny kunnskap om en fram til nå oversett ung kildebergart.
Produksjonstal mars 2025
23.04.2025 Førebels produksjonstal i mars 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 972 000 fat olje, NGL og kondensat.
Boreløyve for brønnbane 30/11-16 S
15.04.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbane 30/11-16 S i utvinningsløyve 873, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Her er oversikten over TFO
09.04.2025 Gjennom TFO har industrien fått jevnlig tilgang til nytt areal på norsk sokkel. I dag er nesten alt areal som er åpnet for petroleumsvirksomhet inkludert.
Programmet til teknologidagen er klart
08.04.2025 Sokkeldirektoratets teknologidag går av stabelen 5. juni. Det er fortsatt muligheter til å sikre seg plass!
Fant enda en sulfidforekomst på norsk sokkel, «Gygra»
02.04.2025 Senter for dyphavsforskning ved Universitetet i Bergen (UiB) og Sokkeldirektoratet har funnet en ny sulfidlokasjon på Knipovitsjryggen, vest for Svalbard.
Sokkeldirektoratet med ny organisasjon
01.04.2025 I dag får Sokkeldirektoratet ny organisering.
Olje- og gassfunn i Nordsjøen (35/10-15 S og A)
28.03.2025 DNO og partnere har gjort et funn av olje og gass i prospektet «Kjøttkake».
Tørr brønn i Norskehavet (6507/2-8)
27.03.2025 Aker BP ASA og partnerne har fullført boringen av prospektet «Kongeørn» i Norskehavet, 240 kilometer vest for Sandnessjøen.
Boreløyve for brønnbane 25/11-30 S
27.03.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 25/11-30 S i utvinningsløyve 169, jf. ressursforskrifta paragraf 13.