Det blir leita for lite i Barentshavet

torgeir-barentshavkonferanse.jpg

Oljedirektør Torgeir Stordal talte optimistisk på vegne av Barentshavet under konferansen i Hammerfest onsdag. Foto: Ola Anders Skauby/OD.

26.04.2023 Ein fullsett sal på Barentshavkonferansen i Hammerfest fekk onsdag høyre oljedirektør Torgeir Stordal oppmode til å leite meir.

 – Det er framleis store ressursar i Barentshavet, både i felt, funn og i leitemoglegheiter, sa Stordal.

Han peika på felta Snøhvit og Goliat som fundamentet for dagens aktivitet og produksjon. Og neste år er Johan Castberg-feltet på plass. Det opnar nye moglegheiter, ifølge Stordal.

Det er i det siste gjort nye funn både i nærleiken av Goliat og i nærleiken av Johan Castberg. Slike funn kan skape store verdiar når dei blir knytte tilbake til eksisterande infrastruktur.

 – Det blir også jobba godt med ei ny utbyggingsløysing på Wisting, som er det største funnet på norsk sokkel som ikkje er bygd ut. Vi ser med spenning fram til å følgje dette framover, sa Stordal.

Når fleire felt kjem i produksjon blir Barentshavet ein viktigare bidragsytar og dette vil ytterlegare styrkje Noreg som energileverandør til eit trengande Europa.

I Barentshavet er berre seks prosent av ressursane produsert, medan dei oppdaga ressursane her er anslått til rett over 30 prosent av totalen i dei opna områda.

Det ligg altså framleis eit stort potensial i dei uoppdaga ressursane (over 60 prosent av totalen i dei opna områda i Barentshavet).

 – Berekningane våre viste at leiteverksemda er lønnsam i alle havområde, også i Barentshavet, minna Stordal om.

Han kom også inn på den nyleg publiserte Gassco-rapporten om eksportløysingar for gass frå Barentshavet:

 – Ei ny lønnsam eksportløysing for gass kan gi meir insentiv til å leite, sa Stordal.

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 28.04.2023

Siste nyheter

Fant «ny» kildebergart vest for Svalbard
24.04.2025 Studier av naturlige olje- og gassutsivinger fra havbunnen har gitt ny kunnskap om en fram til nå oversett ung kildebergart.
Produksjonstal mars 2025
23.04.2025 Førebels produksjonstal i mars 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 972 000 fat olje, NGL og kondensat.
Boreløyve for brønnbane 30/11-16 S
15.04.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbane 30/11-16 S i utvinningsløyve 873, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Her er oversikten over TFO
09.04.2025 Gjennom TFO har industrien fått jevnlig tilgang til nytt areal på norsk sokkel. I dag er nesten alt areal som er åpnet for petroleumsvirksomhet inkludert.
Programmet til teknologidagen er klart
08.04.2025 Sokkeldirektoratets teknologidag går av stabelen 5. juni. Det er fortsatt muligheter til å sikre seg plass!
Fant enda en sulfidforekomst på norsk sokkel, «Gygra»
02.04.2025 Senter for dyphavsforskning ved Universitetet i Bergen (UiB) og Sokkeldirektoratet har funnet en ny sulfidlokasjon på Knipovitsjryggen, vest for Svalbard.
Sokkeldirektoratet med ny organisasjon
01.04.2025 I dag får Sokkeldirektoratet ny organisering.
Olje- og gassfunn i Nordsjøen (35/10-15 S og A)
28.03.2025 DNO og partnere har gjort et funn av olje og gass i prospektet «Kjøttkake».
Tørr brønn i Norskehavet (6507/2-8)
27.03.2025 Aker BP ASA og partnerne har fullført boringen av prospektet «Kongeørn» i Norskehavet, 240 kilometer vest for Sandnessjøen.
Boreløyve for brønnbane 25/11-30 S
27.03.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 25/11-30 S i utvinningsløyve 169, jf. ressursforskrifta paragraf 13.