Ny direktør for Teknologi, analyser og sameksistens
19.06.2023 Kjersti Dahle (51) er tilsett som direktør for hovudområdet Teknologi, analyser og sameksistens (TAS).
Dahle har fungert i stillinga sidan i fjor sommar, då Torgeir Stordal blei fungerande oljedirektør.
«Eg er svært glad for å bli gitt tilliten til å halde fram som direktør for TAS. Eg gler meg til fortsetjinga! Teknologi, analysar og sameksistens er viktige bidrag i arbeidet med å løyse ODs samfunnsoppdrag».
Dahle har jobba i OD sidan februar 2021, då ho gjekk inn i stillinga som underdirektør i TAS. Ho er utdanna cand.scient. i petroleumsgeologi frå Universitet i Bergen (1997). Før ho byrja i OD, var ho direktør i leiting i Equinor.
Oppdatert: 19.06.2023