ODs teknologidag: No er programmet klart

anastasia-taioglou-CTivHyiTbFw-unsplash.jpg

24.03.2023 Har du hugsa å melde deg på ODs teknologidag i Stavanger 7. juni? 

Teknologidagen er primært for tilsette hos ressursstyresmakter og rettshavarar på norsk sokkel.

«Vi har fått på plass eit solid fagleg program med dyktige foredragshaldarar. Som i fjor håpar vi på gode diskusjonar og engasjerte deltakarar», kommenterer teknologikoordinator Arvid Østhus.  

Formålet med arrangementet er å vise korleis bruk av teknologi kan resultere i auka verdiskaping på sokkelen. Dagsordenen tar utgangspunkt i dei tre satsingsområda i ODs teknologistrategi, som er innsamling av undergrunnsdata, utfordrande fat og neste generasjons produksjonssystem. 

Representantar frå selskapa på sokkelen deler erfaringane og betraktningane sine innanfor desse områda – og etterpå blir det debatt. 

Her er kortversjonen av dagsordenen: 

  • Innleiing, Arvid Østhus, Oljedirektoratet 
  • Kvifor er styresmaktene opptatte av teknologi? Gaute Erichsen, Olje- og energidepartementet 
  • Framsteg i seismisk avbilding og prediksjon av tynne sandinjektitter, TBD, Vår Energi 
  • Borehole Image Logs – enorme datamengder frå eit lite borehol, Dr. Brita Graham, Equinor 
  • Effektiv bruk av EM-data: 3D versus 2D, Dr. Martin Springer, Aker BP 
  • Pilotprosjekt for Coiled tubing drilling på Ekofisk, Fredrik Fossan og Anna Fordar, ConocoPhillips 
  • Ny teknologi – «Single-trip Multi-frac», Marius Berge-Skillingstad, Equinor 
  • Smarte brønnløysingar for utvinning av Heidruns djupe formasjonar, Elling Sletfjerding, Equinor 
  • Hywind Tampen Gullfaks – Samkøyring av vindkraftverk og gasskraftverk, Bjarne Monsen, Equinor 
  • Utvikling av undervassdronar, Andy Gower, TotalEnergies 
  • Erfaringar og strategi med 3D-utskriving og digitalt forsyningsnettverk, Brede Lærum, Equinor 
  • Oppsummering og avslutning, Arne Jacobsen, Oljedirektoratet 

Les detaljert program og meld deg på her innan 31. mai. 

 

Kontakt

Arvid Østhus

Teknologikoordinator

Tlf: 478 41 580

Oppdatert: 24.03.2023

Siste nyheter

Olje- og gassfunn i Nordsjøen (35/10-15 S og A)
28.03.2025 DNO og partnere har gjort et funn av olje og gass i prospektet «Kjøttkake».
Tørr brønn i Norskehavet (6507/2-8)
27.03.2025 Aker BP ASA og partnerne har fullført boringen av prospektet «Kongeørn» i Norskehavet, 240 kilometer vest for Sandnessjøen.
Boreløyve for brønnbane 25/11-30 S
27.03.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 25/11-30 S i utvinningsløyve 169, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Tørr brønn i Nordsjøen (35/6-6)
26.03.2025 OMV og partnerne har boret tørt i prospektet «Horatio» i Nordsjøen.
Produksjonstal februar 2025
20.03.2025 Førebels produksjonstal i februar 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 938 000 fat olje, NGL og kondensat.
Boreløyve for brønnbane 9/6-1
18.03.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Harbour Energy Norge AS boreløyve for brønnbane 9/6-1 i leiteløyve EXL006, jf. Forskrift om dokumentasjon ved lagring av CO2 på sokkelen § 13.
Vi trenger to informasjons- og løsningsarkitekter
17.03.2025 De vi leter etter har god teknisk forståelse, solid bakgrunn innen IT og informasjonsarkitektur.
Boreløyve for brønnbane 6405/7-4
17.03.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbane 6405/7-4 i utvinningsløyve 1005, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønnbanane 34/6-8 S og 34/6-8 A
11.03.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbanane 34/6-8 S og 34/6-8 A i utvinningsløyve 554, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Utlysning av areal for lagring av CO2 på norsk sokkel
05.03.2025 Energidepartementet har 5. mars 2025 lyst ut ett område for lagring av CO2 etter lagringsforskriften. Området omfatter definerte blokker i Nordsjøen.