Stordal held fram som oljedirektør

torgeir-s.jpg

14.04.2023 Torgeir Stordal blei i statsråd i dag utnemnt til direktør for Oljedirektoratet (OD).

Stordal har fungert i stillinga sidan juni i fjor, og er gitt eit åremål på seks år i stillinga som oljedirektør, med moglegheit for fornying.

– Eg er svært glad for at Torgeir Stordal skal leie Oljedirektoratet. Torgeir er ein kunnskapsrik og erfaren leiar som har dei beste føresetnadene for å vidareutvikle direktoratet. Han har inngåande kunnskap om næringa og vi får ein etatsleiar som kan bidra til ytterlegare verdiskaping på norsk sokkel framover, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Stordal er utdanna cand.scient. i geofysikk frå Universitetet i Bergen. Han blei tilsett i OD i 2017 som direktør for leiting, og i 2020 fekk han hovudansvaret for teknologi, analysar og sameksistens.

Før han byrja i OD hadde Stordal erfaring som geofysikar og frå ei rekkje leiarstillingar, blant anna som leitesjef i Norske Shell i perioden 2009-2013 og ei global rolle innan ressursevaluering ved Shells hovudkontor Nederland frå 2013-2017. Stordal har også hatt tillitsverv i Norsk Petroleumsforening og Norsk olje og gass (no Offshore Norge).

– Energibransjen er i stor endring, og styresmaktene skal ta ei rolle i omstillinga. Dette er eit arbeid eg gler meg til å halde fram med saman med dei dyktige leiarane og medarbeidarane våre, seier oljedirektør Torgeir Stordal.

Les Olje- og energidepartementet si pressemelding her.

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 14.04.2023

Siste nyheter

Olje- og gassfunn i Nordsjøen (35/10-15 S og A)
28.03.2025 DNO og partnere har gjort et funn av olje og gass i prospektet «Kjøttkake».
Tørr brønn i Norskehavet (6507/2-8)
27.03.2025 Aker BP ASA og partnerne har fullført boringen av prospektet «Kongeørn» i Norskehavet, 240 kilometer vest for Sandnessjøen.
Boreløyve for brønnbane 25/11-30 S
27.03.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 25/11-30 S i utvinningsløyve 169, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Tørr brønn i Nordsjøen (35/6-6)
26.03.2025 OMV og partnerne har boret tørt i prospektet «Horatio» i Nordsjøen.
Produksjonstal februar 2025
20.03.2025 Førebels produksjonstal i februar 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 938 000 fat olje, NGL og kondensat.
Boreløyve for brønnbane 9/6-1
18.03.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Harbour Energy Norge AS boreløyve for brønnbane 9/6-1 i leiteløyve EXL006, jf. Forskrift om dokumentasjon ved lagring av CO2 på sokkelen § 13.
Vi trenger to informasjons- og løsningsarkitekter
17.03.2025 De vi leter etter har god teknisk forståelse, solid bakgrunn innen IT og informasjonsarkitektur.
Boreløyve for brønnbane 6405/7-4
17.03.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbane 6405/7-4 i utvinningsløyve 1005, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønnbanane 34/6-8 S og 34/6-8 A
11.03.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbanane 34/6-8 S og 34/6-8 A i utvinningsløyve 554, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Utlysning av areal for lagring av CO2 på norsk sokkel
05.03.2025 Energidepartementet har 5. mars 2025 lyst ut ett område for lagring av CO2 etter lagringsforskriften. Området omfatter definerte blokker i Nordsjøen.