Besøk oss på ONS

Kom innom standen vår og lær meir om den norske sokkelen.
22.08.2024 Skal du på ONS mellom 26. og 29. august? Stikk innom oss på stand 8100 i hall 8!
Hovudtemaet for standen er norsk sokkel, med særleg vekt på aktivitetane der og rollene til styresmaktene. Som vanleg deler vi ut heider og ære på ONS – Improved Recovery Award blir tildelt tysdag.
På standen møter du folk frå oss og frå Energidepartementet, som vi deler standen med. Nytt gjerne høvet til å ta med deg det nye sokkelkartet og ei oppsummering av den nye ressursrapporten.
Digitalt besøk
Sjå ein «digital versjon» av standen. Formålet er å gi deg kunnskap om og innsikt i dei viktigaste bodskapane våre.
Sjekk også den nye kartbaserte ONS-nettstaden vår, der kan du lære meir om norsk sokkel og ansvarsområda til styresmaktene. Desse omfattar blant anna petroleum, CO2-lagring (CCS), mineral og havvind.
Vel møtt til standen vår!
Oppdatert: 23.08.2024