Norsk sokkel i stadig utvikling

Torgeir_halvårsrapport-2.jpg

Direktør Torgeir Stordal. Biletet er teke i samband med Barentshavkonferansen 2023, då han besøkte Goliat-innretninga. (Foto: Vår Energi)

28.06.2024 Direktør Torgeir Stordal deler her nokre tankar om kva som har prega aktiviteten på norsk sokkel i første halvår.

“Først og fremst vil eg framheve at det er ein stor breidde av aktivitetar som tydeleg viser ein sokkel i utvikling. Det er sjølvsagt framleis petroleum som dominerer, men det skjer stadig meir innanfor dei nye næringane, både CO2-lagring, havvind og mineralverksemd”, seier Stordal.

“Innanfor petroleum er det høg og stabil produksjon, det er mange prosjekt under bygging på verfta rundt om i landet vårt, og det er høg leiteaktivitet”.

Kva har du å seie til leiteresultata så langt i år?

“Eg synes det er gledelig at det er så høg leiteaktivitet, det ser ut til å bli nesten 40 brønnar i år. Det er viktig at vi får identifisert ressursar som kan knyttast opp mot eksisterande infrastruktur. Det er gjort fleire funn så langt i år som på den måten vil kunne bli bygd ut relativt fort”.

Stordal synes ogå at det er godt å sjå at det blir bora fleire leitebrønnar i mindre kjente område.

“Elles er det litt for tidleg å konkludere om kor vellukka leitinga har vore etter halvgått løp. Dette skal vi gjere ei vurdering av når året er omme”.

Korleis ser du på framveksten av nye prosjekt framover?

“Frå perspektivet til styresmaktene er vi opptekne av at industrien legg vekt på langsiktig verdiskaping, at alle lønnsame ressursar blir utvikla. Vi ser at det framleis blir jobba med å modne fram prosjekt i tidligfase, så vi forventar at det vil komme fleire nye utbyggingsplanar dei neste åra”.

Det blir samstundes viktig med høg leiteaktivitet framover. Det er og framleis store ressursar på felt i drift der det trengs nye investeringar, blant anna må det borast mange produksjonsbrønnar for å halde oppe ein høg produksjon:

“Dette er tema vi følgjer opp i møte med næringa, både i konkrete utvinningsløyve og på leiarnivå”.

Det blei nyleg delt ut nye løyve innanfor CO2-lagring. Er dette noko direktoratet har brukt mykje tid på?

“Vi gjer vurderingar av både område og konkrete søknadar i samband med lagring av CO2, og gir faglege råd til Energidepartementet i samband med tildelingar. Det har vore ein betydeleg auke i interessa for areal eigna for slik lagring dette året”.

Det er fram til no delt ut tilsaman 11 løyve til 13 selskap.

“Etter kvart som det kjem fleire slike løyve og generelt auke i aktiviteten i andre næringar, blir det viktig å jobbe godt med sameksistensen mellom alle brukarene av havet.”

(Teksten held fram under kartet)

Kart som viser status på tildelte CO2-løyve og eigarskap.

CO2-lagring: Status på løyve og eigarskap. 

I januar opna Stortinget eit område på sokkelen for mineralverksemd. Kva betyr dette for aktiviteten i direktoratet?

“Vi har brukt våren på eit oppdrag frå Energidepartementet som går ut på å legge til rette for ein konsesjonsrunde. På grunnlag av innspel frå næringa og våre faglege vurderingar har vi utarbeidd eit forslag til utlysningsareal i denne første konsesjonsrunden.

Departementet har no sendt dette på høyring. Det blir lagt opp til utlysing av areal til hausten. Vi er departementet sin faginstans i arbeidet med å vurdere område og søknadar. Samstundes held vi fram med kartlegging av både mineralressursar og miljø i statleg regi”.

Vi du seie at dette halvåret har vore annleis etter namnet blei Sokkeldirektorat?

“Mykje er som før, men vi ser ein heilt tydeleg auke i aktiviteten innanfor CO2-lagring og mineralverksemd dette året. Vi brukar difor betydeleg meir ressursar på desse omåda no enn tidlegare”.

Når du ser framover, er det noko i utviklinga på sokkelen du er uroa over?

“Det skjer svært mykje positivt på sokkelen. Vi produserer framleis mykje energi som Europa treng, med stadig lågare utslepp. Vi har ein industri som har jobba godt med å utvikle sokkelen og vi legg no til rette for at nye næringar kan skape verdi framover. Skal vi levere på hovudmålet vårt, som er på bidra til å skape mest mogleg verdi for samfunnet, er det viktig at denne utviklinga held fram. Viss det er noko eg er uroa over, er det at dette ikkje vil skje”.

I Sokkeldirektoratets Ressursrapport 2024, som blir lagt fram i august, vil det bli lagt fram nye analysar, mellom anna blir det presentert nye framtidsbilete for sokkelen.

“Denne rapporten håpar eg kan legge grunnlag for gode diskusjonar og tiltak i åra framover”!

Blir det ONS på deg i år?

“Definitivt – vi legg fram Ressursrapport 2024 veka før, og på ONS skal vi bruke mykje tid til å dele fakta og kunnskap om sokkelen vår, både på standen saman med Energidepartementet og i eigne faglege presentasjonar. ONS er ein fin arena for god dialog både med næringa og andre samfunnsaktørar frå inn- og utland”.

Sokkeldirektoratet deler ut pris under ONS-konferansen – Improved Recovery Award

 

 

 

 

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 28.06.2024

Siste nyheter

Forbedret sokkelkart
21.02.2025 Sokkeldirektoratets faktakart er oppgradert, noe som gjør tjenesten enklere å bruke.
Tørr brønn i Norskehavet (6306/6-3 S)
21.02.2025 Aker BP ASA og partnerne har boret tørt i prospektet «Bounty Updip» i Norskehavet.
Liten økning i olje- og gassressursene på sokkelen
20.02.2025 De totale petroleumsressursene på norsk sokkel økte litt i fjor, viser årets «vareopptelling» – ressursregnskapet for 2024.
Produksjonstal januar 2025
20.02.2025 Førebels produksjonstal i januar 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 990 000 fat olje, NGL og kondensat.
CO2-lagring på norsk sokkel kan bli en ny industri
10.02.2025 I fjor ble det gitt flere tillatelser for lagring av CO2 på norsk sokkel enn noen gang tidligere.
Boreløyve for brønnbane 7220/7-CD-1 H
10.02.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 7220/7-CD-1 H i utvinningsløyve 532, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Tørr brønn i Nordsjøen (35/6-5 S)
06.02.2025 Aker BP ASA og partnerne har boret tørt i prospektet «Njargasas» i Nordsjøen.
Høring – forslag til ny forskrift om datainnsamling og dokumentasjon i mineralvirksomhet på kontinentalsokkelen
05.02.2025 Sokkeldirektoratet fremlegger med dette forslag til ny forskrift om datainnsamling og dokumentasjon i mineralvirksomhet på kontinentalsokkelen til offentlig høring. 
Boreløyve for brønnbane 7/1-4 S
31.01.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Vår Energi ASA boreløyve for brønnbane 7/1-4 S i utvinningsløyve 1090, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Tørr brønn i Norskehavet (6305/10-1)
22.01.2025 Orlen Upstream Norway og partner Norske Shell har boret tørt i undersøkelsesbrønn 6305/10-1 «Tomcat» i den sørlige delen av Norskehavet.