Produksjonstal for februar 2019
15.03.2019 Førebels produksjonstal i februar 2019 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 745 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 75 000 fat per dag samanlikna med januar.
Til saman blei det selt 10,2 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,9 GSm3 lågare enn månaden før.
Væskeproduksjonen i februar fordeler seg slik: 1 388 000 fat olje, 328 000 fat NGL og 30 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.
Oljeproduksjonen er 3,6 prosent under OD sin prognose for februar og ca. 2,0 prosent under prognosen for kummulativ produksjon i 2019.
Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i februar er lågare enn venta er tekniske problem på nokre felt.
Produksjon februar 2019
Oljeproduksjon 2019
Væskeproduksjon 2019
Gassproduksjon 2019
Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2019 er om lag 38,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.
Av dette er om lag 13,4 MSm3 o.e olje, om lag 3,4 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 21,3 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 1,8 MSm3 o.e. lågare enn i 2018.
Oppdatert: 15.03.2019