Produksjonstal for mai 2019
20.06.2019 Førebels produksjonstal i mai 2019 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 599 000 fat olje, NGL og kondensat.
Det er ein nedgang på 120 000 fat per dag samanlikna med april. Til saman blei det selt 9,9 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,1 GSm3 lågare enn månaden før.
Væskeproduksjonen i mai fordeler seg slik: 1 250 000 fat olje, 319 000 fat NGL og 29 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen er 5,4 prosent under Oljedirektoratet sin prognose for mai og 2,5 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2019.
Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i mai er lågare enn venta er tekniske problem og revisjonsstans på nokre felt.
Produksjon mai 2019
Oljeproduksjon 2019
Væskeproduksjon 2019
Gassproduksjon 2019
Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2019 er om lag 93,4 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.
Av dette er om lag 32,9 MSm3 o.e olje, om lag 8,6 MSm3 o.e NGL og kondensat,
og det er selt om lag 51,9 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 3,2 MSm3 o.e. lågare enn i 2018.
Oppdatert: 20.06.2019