Korrigerte produksjonstal for oktober 2022
25.11.2022 OD har korrigert førebels gass-produksjon for oktober.
Manglande tal i kalkulasjonsgrunnlaget er årsaka for korrigeringa.
Førebels produksjonstal i oktober 2022 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 950 000 fat olje, NGL og kondensat.
Til saman blei det selt 10,8 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 1,7 (GSm3) meir enn månaden før.
Væskeproduksjonen i oktober fordeler seg slik: 1 745 000 fat olje, 187 000 fat NGL og 19 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.
Oljeproduksjonen er 7,3 prosent under OD sin prognose for oktober og 5,4 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2022. Prognosen for gass og NGL er oppdatert i tråd med regjeringens produksjonsanslag til revidert nasjonalbudsjett 2022.
Produksjonstall oktober 2022
Olje mill fat/dag |
Sum væske mill fat/dag |
Gass MSm³/dag |
Totalt MSm³ o.e/dag |
||
---|---|---|---|---|---|
Produksjon | oktober 2022 | 1,750 | 1,971 | 349,4 | 0,663 |
Prognose for | oktober 2022 | 1,882 | 2,141 | 352,4 | 0,693 |
Avvik frå prognose | -0,132 | -0,170 | -3,1 | -0,030 | |
Avvik frå prognose i % | -7 % | -7,9 % | -0,9 % | -4,3 % | |
Produksjon | september 2022 | 1,640 | 1,835 | 303,3 | 0,595 |
Endring frå | september 2022 | 0,110 | 0,136 | 46 | 0,068 |
Endring i % frå | september 2022 | 6,7 % | 7,4 % | 15,2 % | 11,4 % |
Produksjon | oktober 2021 | 1,818 | 2,065 | 344,4 | 0,673 |
Endring frå | oktober 2021 | -0,068 | -0,094 | 4,9 | -0,010 |
Endring i % frå | oktober 2021 | -3,7 % | -4,6 % | 1,4 % | -1,5 % |
Oljeproduksjon oktober 2022
Væskeproduksjon oktober 2022
Gassproduksjon oktober 2022
Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2022 er om lag 193,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel. Av dette er om lag 80,7 MSm3 o.e olje, om lag 10,1 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 102,2 MSm3 o.e gass.
Totalvolumet er 1,5 MSm3 o.e. meir enn i 2021.
Oppdatert: 25.11.2022