Produksjonstal april 2022
20.05.2022 Førebels produksjonstal i april 2022 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 871 000 fat olje, NGL og kondensat.
Til saman blei det selt 9,8 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,6 GSm3 mindre enn månaden før.
Væskeproduksjonen i april fordeler seg slik: 1 660 000 fat olje, 203 000 fat NGL og 9 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.
Oljeproduksjonen er 10,6 prosent under OD sin prognose for april og 5,4 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2022.
Prognosen for gass og NGL er oppdatert i tråd med regjeringens forslag til revidert nasjonalbudsjett.
Tabellen og figurane vert oppdatert med endelege tal samtidig som produksjonstal for neste månad vert publisert.
Produksjonstall april 2022
Olje mill fat/dag |
Sum væske mill fat/dag |
Gass MSm³/dag |
Totalt MSm³ o.e/dag |
||
---|---|---|---|---|---|
Produksjon | april 2022 | 1,663 | 1,858 | 329,2 | 0,625 |
Prognose for | april 2022 | 1,856 | 2,082 | 327,1 | 0,658 |
Avvik frå prognose | -0,193 | -0,224 | 2 | -0,033 | |
Avvik frå prognose i % | -10,4 % | -10,8 % | 0,6 % | -5 % | |
Produksjon | mars 2022 | 1,742 | 1,946 | 338,4 | 0,648 |
Endring frå | mars 2022 | -0,079 | -0,088 | -9,2 | -0,023 |
Endring i % frå | mars 2022 | -4,5 % | -4,5 % | -2,7 % | -3,5 % |
Produksjon | april 2021 | 1,716 | 1,996 | 312,7 | 0,630 |
Endring frå | april 2021 | -0,053 | -0,138 | 16,4 | -0,005 |
Endring i % frå | april 2021 | -3,1 % | -6,9 % | 5,2 % | -0,8 % |
Oljeproduksjon april 2022
Væskeproduksjon april 2022
Gassproduksjon april 2022
Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2022 er om lag 77,8 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.
Av dette er om lag 33,0 MSm3 o.e olje, om lag 4,1 MSm3 o.e NGL og kondensat,
og det er selt om lag 40,7 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 0,3 MSm3 o.e. mindre enn i 2021.
Oppdatert: 12.09.2022