Produksjonstal august 2022
21.09.2022 Førebels produksjonstal i august 2022 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 998 000 fat olje, NGL og kondensat.
Til saman blei det selt 10,8 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,1 (GSm3) mindre enn månaden før.
Væskeproduksjonen i august fordeler seg slik: 1 774 000 fat olje, 205 000 fat NGL og 19 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.
Oljeproduksjonen er 3,1 prosent under OD sin prognose for august og 4,7 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2022. Prognosen for gass og NGL er oppdatert i tråd med regjeringens produksjonsanslag til revidert nasjonalbudsjett 2022.
Produksjonstall august 2022
Olje mill fat/dag |
Sum væske mill fat/dag |
Gass MSm³/dag |
Totalt MSm³ o.e/dag |
||
---|---|---|---|---|---|
Produksjon | august 2022 | 1,783 | 2,006 | 345 | 0,664 |
Prognose for | august 2022 | 1,831 | 2,075 | 332,8 | 0,663 |
Avvik frå prognose | -0,048 | -0,069 | 12,1 | 0,001 | |
Avvik frå prognose i % | -2,6 % | -3,3 % | 3,6 % | 0,2 % | |
Produksjon | juli 2022 | 1,639 | 1,869 | 350,6 | 0,648 |
Endring frå | juli 2022 | 0,144 | 0,137 | -5,7 | 0,016 |
Endring i % frå | juli 2022 | 8,8 % | 7,3 % | -1,6 % | 2,5 % |
Produksjon | august 2021 | 1,813 | 2,091 | 307,8 | 0,640 |
Endring frå | august 2021 | -0,030 | -0,085 | 37,1 | 0,024 |
Endring i % frå | august 2021 | -1,7 % | -4,1 % | 12,1 % | 3,8 % |
Oljeproduksjon august 2022
Væskeproduksjon august 2022
Gassproduksjon august 2022
Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2022 er om lag 154,7 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel. Av dette er om lag 67,4 MSm3 o.e olje, om lag 8,1 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 82,4 MSm3 o.e gass.
Totalvolumet er 2,6 MSm3 o.e. meir enn i 2021.
Oppdatert: 21.09.2022