Produksjonstal juni 2022
20.07.2022 Førebels produksjonstal i juni 2022 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 529 000 fat olje, NGL og kondensat.
Til saman blei det selt 10,0 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er likt med månaden før.
Væskeproduksjonen i juni fordeler seg slik: 1 298 000 fat olje, 213 000 fat NGL og 18 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.
Oljeproduksjonen er 0,2 prosent under OD sin prognose for juni og 4,2 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2022 .
Prognosen for gass og NGL er oppdatert i tråd med regjeringens produksjonsanslag til revidert nasjonalbudsjett 2022.
Produksjonstall juni 2022
Olje mill fat/dag |
Sum væske mill fat/dag |
Gass MSm³/dag |
Totalt MSm³ o.e/dag |
||
---|---|---|---|---|---|
Produksjon | juni 2022 | 1,329 | 1,540 | 332 | 0,577 |
Prognose for | juni 2022 | 1,300 | 1,528 | 333,4 | 0,576 |
Avvik frå prognose | 0,029 | 0,012 | -1,4 | 0,001 | |
Avvik frå prognose i % | 2,2 % | 0,8 % | -0,4 % | 0,2 % | |
Produksjon | mai 2022 | 1,635 | 1,813 | 324,1 | 0,612 |
Endring frå | mai 2022 | -0,306 | -0,273 | 8 | -0,035 |
Endring i % frå | mai 2022 | -18,7 % | -15,1 % | 2,5 % | -5,7 % |
Produksjon | juni 2021 | 1,669 | 1,844 | 261,7 | 0,555 |
Endring frå | juni 2021 | -0,340 | -0,304 | 70,3 | 0,022 |
Endring i % frå | juni 2021 | -20,4 % | -16,5 % | 26,9 % | 4 % |
Oljeproduksjon juni 2022
Væskeproduksjon juni 2022
Gassproduksjon juni 2022
Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2022 er om lag 114,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.
Av dette er om lag 47,2 MSm3 o.e olje, om lag 6,0 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 60,8 MSm3 o.e gass.
Totalvolumet er 1,5 MSm3 o.e. meir enn i 2021.
Oppdatert: 12.09.2022