Produksjonstal mars 2022
21.04.2022 Førebels produksjonstal i mars 2022 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 960 000 fat olje, NGL og kondensat.
Til saman blei det selt 10,4 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,7 GSm3 mer enn månaden før.
Væskeproduksjonen i mars fordeler seg slik: 1 744 000 fat olje, 208 000 fat NGL og 9 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.
Oljeproduksjonen er 5,9 prosent under OD sin prognose for mars og 3,6 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2022.
Tabellen og figurane vert oppdatert med endelege tal samtidig som produksjonstal for neste månad vert publisert.
Produksjonstall mars 2022
Olje mill fat/dag |
Sum væske mill fat/dag |
Gass MSm³/dag |
Totalt MSm³ o.e/dag |
||
---|---|---|---|---|---|
Produksjon | mars 2022 | 1,742 | 1,946 | 338,4 | 0,648 |
Prognose for | mars 2022 | 1,852 | 2,055 | 338,4 | 0,665 |
Avvik frå prognose | -0,110 | -0,109 | 0 | -0,017 | |
Avvik frå prognose i % | -5,9 % | -5,3 % | 0 % | -2,6 % | |
Produksjon | februar 2022 | 1,780 | 1,996 | 348,3 | 0,666 |
Endring frå | februar 2022 | -0,038 | -0,050 | -9,9 | -0,018 |
Endring i % frå | februar 2022 | -2,1 % | -2,5 % | -2,8 % | -2,7 % |
Produksjon | mars 2021 | 1,775 | 2,092 | 318,1 | 0,651 |
Endring frå | mars 2021 | -0,033 | -0,146 | 20,3 | -0,003 |
Endring i % frå | mars 2021 | -1,9 % | -7 % | 6,4 % | -0,5 % |
Oljeproduksjon mars 2022
Væskeproduksjon mars 2022
Gassproduksjon mars 2022
Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2022 er om lag 59,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.
Av dette er om lag 25,1 MSm3 o.e olje, om lag 3,2 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 30,8 MSm3 o.e gass.
Totalvolumet er 0,2 MSm3 o.e. mindre enn i 2021.
Oppdatert: 12.09.2022