Produksjonstal november 2022
20.12.2022 Førebels produksjonstal i november 2022 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 946 000 fat olje, NGL og kondensat.
Til saman blei det selt 10,4 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,4 (GSm3) mindre enn månaden før.
Væskeproduksjonen i november fordeler seg slik: 1 740 000 fat olje, 187 000 fat NGL og 19 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.
Oljeproduksjonen er 8,7 prosent under OD sin prognose for november og 5,7 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2022. Prognosen for gass og NGL er oppdatert i tråd med regjeringens produksjonsanslag til revidert nasjonalbudsjett 2022.
Produksjonstall november 2022
Olje mill fat/dag |
Sum væske mill fat/dag |
Gass MSm³/dag |
Totalt MSm³ o.e/dag |
||
---|---|---|---|---|---|
Produksjon | november 2022 | 1,749 | 1,971 | 345 | 0,658 |
Prognose for | november 2022 | 1,905 | 2,164 | 352,8 | 0,697 |
Avvik frå prognose | -0,156 | -0,193 | -7,8 | -0,039 | |
Avvik frå prognose i % | -8,2 % | -8,9 % | -2,2 % | -5,6 % | |
Produksjon | oktober 2022 | 1,750 | 1,971 | 349,4 | 0,663 |
Endring frå | oktober 2022 | -0,001 | 0,000 | -4,4 | -0,005 |
Endring i % frå | oktober 2022 | -0,1 % | 0 % | -1,3 % | -0,8 % |
Produksjon | november 2021 | 1,732 | 1,972 | 346,3 | 0,660 |
Endring frå | november 2021 | 0,017 | -0,001 | -1,3 | -0,002 |
Endring i % frå | november 2021 | 1 % | -0,1 % | -0,4 % | -0,3 % |
Oljeproduksjon november 2022
Væskeproduksjon november 2022
Gassproduksjon november 2022
Oppdatert: 20.12.2022