Produksjonstal september 2022
20.10.2022 Førebels produksjonstal i september 2022 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 832 000 fat olje, NGL og kondensat.
Til saman blei det selt 9,1 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 1,6 (GSm3) mindre enn månaden før.
Væskeproduksjonen i september fordeler seg slik: 1 642 000 fat olje, 170 000 fat NGL og 19 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.
Oljeproduksjonen er 9,5 prosent under OD sin prognose for september og 5,2 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2022. Prognosen for gass og NGL er oppdatert i tråd med regjeringens produksjonsanslag til revidert nasjonalbudsjett 2022.
Produksjonstall september 2022
Olje mill fat/dag |
Sum væske mill fat/dag |
Gass MSm³/dag |
Totalt MSm³ o.e/dag |
||
---|---|---|---|---|---|
Produksjon | september 2022 | 1,640 | 1,835 | 303,3 | 0,595 |
Prognose for | september 2022 | 1,816 | 2,049 | 323,9 | 0,650 |
Avvik frå prognose | -0,176 | -0,214 | -20,6 | -0,055 | |
Avvik frå prognose i % | -9,7 % | -10,4 % | -6,4 % | -8,5 % | |
Produksjon | august 2022 | 1,783 | 2,006 | 345 | 0,664 |
Endring frå | august 2022 | -0,143 | -0,171 | -41,6 | -0,069 |
Endring i % frå | august 2022 | -8 % | -8,5 % | -12,1 % | -10,4 % |
Produksjon | september 2021 | 1,779 | 2,036 | 301,2 | 0,625 |
Endring frå | september 2021 | -0,139 | -0,201 | 2,2 | -0,030 |
Endring i % frå | september 2021 | -7,8 % | -9,9 % | 0,7 % | -4,8 % |
Oljeproduksjon september 2022
Væskeproduksjon september 2022
Gassproduksjon september 2022
Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2022 er om lag 172,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.
Av dette er om lag 72,1 MSm3 o.e olje, om lag 9,1 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 91,4 MSm3 o.e gass.
Totalvolumet er 1,9 MSm3 o.e. meir enn i 2021.
Oppdatert: 24.10.2022