Produksjonstal april 2023
23.05.2023 Førebelse produksjonstal i april 2023 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 035 000 fat olje, NGL og kondensat.
Til saman blei det selt 10,2 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,7 (GSm3) mindre enn månaden før.
Væskeproduksjonen i april fordeler seg slik: 1 808 000 fat olje, 205 000 fat NGL og 23 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.
Oljeproduksjonen er 0,5 prosent under OD sin prognose for april 2023 og 1,3 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2023.
Produksjonstall april 2023
Olje mill fat/dag |
Sum væske mill fat/dag |
Gass MSm³/dag |
Totalt MSm³ o.e/dag |
||
---|---|---|---|---|---|
Produksjon | april 2023 | 1,804 | 2,050 | 341,9 | 0,668 |
Prognose for | april 2023 | 1,816 | 2,027 | 334,8 | 0,657 |
Avvik frå prognose | -0,012 | 0,023 | 7,1 | 0,011 | |
Avvik frå prognose i % | -0,7 % | 1,1 % | 2,1 % | 1,7 % | |
Produksjon | mars 2023 | 1,834 | 2,060 | 354,4 | 0,682 |
Endring frå | mars 2023 | -0,030 | -0,010 | -12,5 | -0,014 |
Endring i % frå | mars 2023 | -1,6 % | -0,5 % | -3,5 % | -2,1 % |
Produksjon | april 2022 | 1,663 | 1,858 | 329,2 | 0,625 |
Endring frå | april 2022 | 0,141 | 0,192 | 12,7 | 0,043 |
Endring i % frå | april 2022 | 8,5 % | 10,3 % | 3,9 % | 6,9 % |
Oljeproduksjon april 2023
Væskeproduksjon april 2023
Gassproduksjon april 2023
Den totale petroleumsproduksjonen hittil i 2023 er om lag 80,7 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.
Av dette er om lag 34,3 MSm3 o.e olje, om lag 4,3 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 42,1 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 2,9 MSm3 o.e. meir enn i 2022.
Oppdatert: 26.05.2023