Produksjonstal juli 2023

ekofiskfeltet.jpg

Ekofiskfeltet. Foto: Shutterstock.

22.08.2023 Førebels produksjonstal i juli 2023 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 036 000 fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 10,0 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 2,5 (GSm3) meir enn månaden før.

Væskeproduksjonen i juli fordeler seg slik: 1 828 000 fat olje, 190 000 fat NGL og 18 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 0,6 prosent under OD sin prognose for juli 2023 og 0,4 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2023.

Produksjonstall juli 2023

Olje
mill fat/dag
Sum væske
mill fat/dag
Gass
MSm³/dag
Totalt
MSm³ o.e/dag
Produksjon juli 2023 1,836 2,059 324,6 0,652
 
Prognose for juli 2023 1,840 2,065 359,3 0,688
Avvik frå prognose -0,004 -0,006 -34,7 -0,036
Avvik frå prognose i % -0,2 % -0,3 % -9,7 % -5,2 %
 
Produksjon juni 2023 1,818 2,016 252,6 0,573
Endring frå juni 2023 0,018 0,043 72 0,079
Endring i % frå juni 2023 1 % 2,1 % 28,5 % 13,8 %
 
Produksjon juli 2022 1,639 1,869 350,6 0,648
Endring frå juli 2022 0,197 0,190 -26 0,004
Endring i % frå juli 2022 12 % 10,2 % -7,4 % 0,6 %

Oljeproduksjon juli 2023

Væskeproduksjon juli 2023

Gassproduksjon juli 2023

Den totale petroleumsproduksjonen hittil i 2023 er om lag 136,3 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 60,7 MSm3 o.e olje, om lag 7,5 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 68,1 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 2,0 MSm3 o.e. meir enn i 2022.

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 23.08.2023